Vi er i gang med å revidere forvaltningsplanen

Veitastrond i Luster
Veitastrond i Luster, Foto: Anne Rudsengen

 

Forvaltningsplanen for nasjonalparken er frå 1994 og har stått seg godt dei siste 20 åra. Men no har nasjonalparkstyret vedteke å revidere planen, og oppstartsmelding skal sendast ut til alle relevante partar. Kom gjerne på bygdemøta! Sekretariatet ønskjer innspel velkommen innan 1. april 2014.

Forvaltningsplanen for Jostedalsbreeen nasjonalpark skal sikre ein heilskapleg og forutsigeleg ramme for verneområdet. Slik vil folk kunne få lik handsaming av like saker, sjølv om dei bur i ulike dalføre eller søkjer på forskjellig tidspunkt. Det vil også være lettare for folk å kunne vite utfallet av dispensasjonssakar. Forvaltningsplanen skal ha ein gyldigheit på 10 år, men vi forvaltar nasjonalparken i eit 200-års perspektiv.

Forvaltningsplanen er det framste verktøyet i arbeidet med å forvalte nasjonalparken og slik også ivareta verneføremålet. I planarbeidet ønskjer vi ei brei deltaking og legg opp til mange bygdemøte for å treffe folk der dei bur.

Vi inviterer til bygdemøte på følgjande stader:

-Veitastrond: på skulen den 11. februar kl 20.00

-Fjærland: i bygdehuset den 12. februar kl 20.00

-Stardalen: enno ikkje fastsett dato

-Oppstryn: på nasjonalparksenteret den 10. mars kl 20.00

-Jostedalen: på hotellet den 13. mars kl 19.00 ( ilag med forvaltningsplanarbeidet for Nigardsbreen; samarbeid med Luster kommune)

Kunngjeringa om oppstarten av planarbeidet vart publisert i Sogn Avis, Firda, Firda Tidend og Fjordingen i desember 2013. Kunngjeringa vi publiserte i avisene kan du sjå her. Du kan lese prosjektplanen for revideringsarbeidet her.

Send innspel til forvaltningsplanarbeidet til jostedalsbreen@fylkesmannen.no

 

(Publisert:07.01.2014 Sist endret:01.10.2014)