Vellukka restaurering for betre ferdsel i nasjonalparken

Ingolf Folven og Ole Runar Aabrekk på ein nyrestaurert steintrapp på Kamperhamrane
Ingolf Folven og Ole Runar Aabrekk på ein nyrestaurert steintrapp på Kamperhamrane, Foto: Anne Rudsengen

 

I sommar har vi restaurert to flotte gamle ferdselsårar i Jostedalsbreen nasjonalpark. Kamperhamrane inst i Sunndalen i Stryn er eit gamalt kulturminne beståande av steintrappar og vitner om ferdsla i gamle dagar mellom aust og vest. Stien til Flatbrehytta i Fjærland har i mange år vore vanskeleg å følgje grunna jøhkullaupen som inntraff i 2004 og endra landskapet dramatisk. Restaureringa utført i år har skapt interesse og merksemd frå både fjern og nær og fleire tek turen for å oppleve nasjonalparken.

Nyrestaurert siktevarde ved Adelsten over KamparhamraneKamperhamrane

Det er utført eit arbeid på kring 900 timar med vøling av steintrappene, bygging av steinsette stikkrenner og oppattbygging av dei store siktevardane. I tillegg er det hogge noko skog så den gamle ferdslevegen har kome fram att. Det er eit omfattande arbeid leia av Utmarksressurs AS i samarbeid med Statens Naturoppsyn. Grunneigar og fjellmann Ingolf Folven bidrog også med å leite i skogen nedunder Kamperhamrane for å finne traseen fedriftene gikk i gamle dagar. Fleire stader er det funne kulturminnei dette arbeidet: spor av tidleg steinmuring og enkle vardar.  I det bratte partiet opp frå dalen har eit lag med sherpaer (Sonam-team) arbeidd med å bygge oppatt steintrappene der det var utrasa. Sherpaane har også bygd oppatt dei store siktevardane over fjellet mot Skjåk-grensa. Nokre stader har vi bygd nye steinsette stikkrenner for å leie vatnet unna ferdslevegen.

Arbeidet vårt stansa på fylkesgrensa, til litt over vass-skiljet. Vegen vidare på skjåksida har òg utfordringar med m.a. siktevarder og traseval. NRK laga ein artikkel om arbeidet her.

Ny trasè over utrasa parti langs Tverrdøla

Stien til Flatbrehytta

Flatbrehytta er eit populært turmål i nasjonalparken, anten ein vil ta ein dagstur, gå brekurs eller gå Josten på langs. I 2004 vart store delar av stien øydelagt av den store jøkulhlaupen, les meir om jøkulhlaupen i Fjærland her.

Sidan då har folk funne ulike måtar å komme seg opp til Flatbrehytta, men stien har vore dårleg og usikker. Sherpaar frå Nepal har også her gjort underverk på stien, som no har blitt lagt om fleire stader for å bli sikrare og betre å gå.

To bruer er også no på plass for betre framkomst over Tverrdøla.

(Publisert:18.09.2013 Sist endret:01.10.2014)