Vandring langs gamle far på tvers av kommunegrensene

Ferdselsruta frå Lunde og opp mot Marabreen er landets brattast tilrettelagde DNT-sti.
Ferdselsruta frå Lunde og opp mot Marabreen er landets brattast tilrettelagde DNT-sti. , Foto: Maria Knagenhjelm

Då ordførar og leiar i Jostedalsbreen nasjonalparkstyre, Ivar Kvalen, og statssekretær Atle Hamar la ned grunnsteinen for nye Tungestølen i august 2018 vart det fort snakk om å gå til fots til Tungestølen i samband med opninga i 2019. Som sagt, så gjort.

Som jølstring ville statssekretæren gå frå Jølster via Sogndal og til Luster. Turen vart delt inn i to etappar, og første etappe vart utsett for dårleg vêr og utsett to gonger. I august låg det an til å bli ein strålande dag då nasjonalparkstyret og politisk leiing frå Klima- og miljødepartementet pakka opp sekken med breutstyr og stor niste. Turen gikk frå inst i Kjøsnesfjorden og opp Lundeskaret og over Marabreen.

 

Denne ruta var ei viktig ferdselsåre mellom Sunnfjord og Sogn, og det var både handel og dans som kunne lokke på den andre sida av fjellet. Faktisk er det ei «danseplatting» på toppen av fjellet, der budeier og bygdefolk kunne svinge seg til felespel i dei lyse sommarnettene. Nasjonalparkstyret sørgja for at denne gamle ferdselsåra i 2015 vart oppgradert med nye steg og wire å halda seg i; ruta frå Lunde og opp mot Lundeskaret er den brattast tilrettelagde DNT-stigen i landet.

 

På toppen må ein ha breutstyr og kunnskap om ferdsel på bre om ein skal krysse Marabreen, for deretter å gå ned att ved Kvitevardane og til Bøyadalen. Her har bygdelaget i Fjærland gjort ein flott jobb med å rydde og remerke den gamle ruta opp frå dalen. Ein kjem ned att i Bøyadalen no på venstre side av tunnelmunninga, tidlegare kom ein ned ved Bøyafjellstøylen.

Neste etappe gjekk dagen før den store opninga av Tungestølen i september. Turen frå inst i Supphelledalen, over Snaueskaret, ned Snauedalen og til Vårstølen på Veitastrond gjekk på om lag 8 timer med roleg tempo. Den første delen av stien inn mot fjellstølen i Supphelledalen fekk vi følgje av grunneigar Ivar Supphellen. Han fortalte om bruken av området og kor farleg det kunne være vinterstid med skredene inn dalen.

Stien er stadvis blaut og ein må krysse is og snø i skaret. Turen er ei historisk rute med mykje spennande natur og landskap, og det var mange friarferder og handelsreisande her og før moderne tider endra kommunikasjonsårene. Nasjonalparkstyret og departementet sine folk kom vel fram, og takka være både skyss fram til Tungestølen og nydeleg, heimelaga middag frå bygda, var målet nådd om å løfta fram dei gamle rutene mellom bygdene – på tvers av tre kommunegrenser.

 Turfølgjet frå venstre: Maria Knagenhjelm (forvaltar), Martine Løvold (KLD), Einar Målsnes (Jostedalsbreen nasjonalparkstyre), Atle Hamar (KLD), Tor Arne Hauge (nasjonalparkforvaltar), Marius Dalin (nasjonalparkstyret), Anne Rudsengen (SNO).

Dronning Sonja klypte snoren då nye Tungestølen vart opna den 6. september 2019. Det var ein stor festdag for alle med eit forhold til Veitastrond og til Jostedalsbreen. Du kan lese meir om opninga her.

 

(Publisert:30.10.2019 Sist endret:31.10.2019)