To gamle ferdselsruter er ferdig oppgraderte

Den gamle ferdslevegen opp mot Lundeskaret inst i Kjøsnesfjorden i Jølster er ferdig restaurert og oppgradert, etter to år med intens sommarjobbing. Den bratte ferdsleruta opp mot Oldeskaret, inst i Oldedalen i Stryn, er også ferdig. Vi satsar på å opne dei to stiane med brask og bram våren/sommaren 2016!

Det har vore mykje hardt arbeid på dei to gamle ferdslevegene. Med god hjelp frå dyktige sherpaer frå Nepal har arbeidet vore mogeleg å få gjennomført i løpet av dei to siste sommarsesongane. Arbeidet har vore leia i felt av Statens naturoppsyn og Utmarksressurs as v/ Ole Runar Aabrekk på oppdrag frå nasjonalparkstyret.

(Publisert:08.12.2015 Sist endret:03.07.2020)