To ferdselsvegar blir restaurert i 2013

Jostedalsbreen nasjonalparkstyre har vedteke å sette i stand stien til Flatbrehytta og den gamle ferdselsvegen over Kamperhamrane i sommar.

Gjennom bestillingsdialogen med Direktoratet for naturforvaltning (DN) har Jostedalsbreen nasjonalparkstyre fått midlar til å gjennomføre tiltak i nasjonalparken som skal oppretthalde eller fremje verneføremålet. Det er ikkje nok midlar til å få gjort alle tiltaka nasjonalparkstyret ynskjer å få gjennomført, så styret har difor prioritert nokre prosjekt som blir gjennomført i år. Fyrst ut av dei store tiltaka på ferdselsvegane i nasjonalparken er stien til Flatbrehytta i Sogndal kommune og Kamperhamrane i Stryn kommune. Dei to prosjekta blir gjennomført etter tilrådingar i rapporten "Restaurering av fem gamle ferdselsvegar i Jostedalsbreen nasjonalpark" (sjå relaterte dokument) som nasjonalparkstyret fekk utarbeida i 2012.

Nasjonalparkstyret har òg vedteke å støtte grunneigarane knytt til Prestegarden og Bakken i Jostedalen med 100.000,- til opprusting av ei bru og stien til Bakkedalen.

Kamperhamrane

(Publisert:03.04.2013 Sist endret:01.10.2014)