Tiltaksplan for nasjonalparken

Brehole under Nigardsbreen
Brehole under Nigardsbreen, Foto: Solfrid Helvik

Jostedalsbreen nasjonalparkstyre har i sitt møte den 2. desember 2013 vedteke tiltaksplanen for nasjonalparken. Det kom mange gode innspel til planen! Vi får truleg vite i løpet av mars kva vi får midlar til av tiltak i 2014.

Tiltaksplanen er ei skjematisk oppbygga liste med prioriterte tiltak i nasjonalparken. Det er ein slags "ønskjeliste" av aktivitetar og tema som styret ønskjer å få gjennomført i verneområdet. Tiltaksplanen vart vedteke i styret sitt møte i desember 2013, etter ein open runde med mange gode innspel frå folk og organisasjoner rundt nasjonalparken.

Tiltaksplanen legg grunnlaget for den såkalla bestillingsdialogen med Statens naturoppsyn-sentralt i Trondheim. Kor mykje midlar som styret får til tiltaka avhenger av kor mykje som er gitt til nasjonalparkane frå Stortinget i statsbudsjettet.

Sjå tiltaksplanen til Jostedalsbreen nasjonalparkstyre her. Sjå her for å lese heile protokollen frå møte 6_13.

(Publisert:20.12.2013 Sist endret:01.10.2014)