Svensk delegasjon lærte om Skålastien

Svenskebesøk på Skålastien og Skåla. Frå venstre: Anne Rudsengen, Henrik Mickael Kuhmunen, Maria C Knagenhjelm, Jenny Lindman, Eva Oskarsson, Anna Rimpi, Bo Nilsson, Erik Hellberg, Camilla Nasstrøm, Rune Holen, Eva Nasman, Veronica Nilsson og Nils Hallberg.
Svenskebesøk på Skålastien og Skåla. Frå venstre: Anne Rudsengen, Henrik Mickael Kuhmunen, Maria C Knagenhjelm, Jenny Lindman, Eva Oskarsson, Anna Rimpi, Bo Nilsson, Erik Hellberg, Camilla Nasstrøm, Rune Holen, Eva Nasman, Veronica Nilsson og Nils Hallberg., Foto: Anne Rudsengen

Den svenske gruppen representerte både Naturvårdsverket (tilsvarande det norske Miljødirektoratet) og Lensstyrelsen (tilsvarande fylkesmannen) frå ulike område. Verdensarvområdet Laponia var også representert.

Delegasjonen var på studietur til Jostedalsbreen nasjonalpark for å lære om tilrettelegging for friluftsliv med særskilt fokus på stilegging med stein. Mange gode erfaringer vart utveksla, og Statens Naturoppsyn v/ Anne Rudsengen og Rune Holen fortalte om alle lærdommane som prosjektet har gitt. På middag onsdag kveld på hotell Loenfjord kom også nestleiar i nasjonalparkstyret Sven Flo og tidlegare stiprosjektleiar Ole Runar Aabrekk for å delta i erfaringsutvekslinga.

Svensk miljødelegasjon lærar om stilegging med steinSvenskene har komme langt i sin besøksforvaltning av verneområde. For å opprette ein nasjonalpark i Sverige må 100 % av område vere statleg grunn. Dette kan gjere det lettare å tilrettelegge innfallsportar og parkeringsplassar, og tenke heilskapeleg om formidlinga. Den norske forvaltninga vart vel så inspirert som den svenske!

Høgdepunktet på studieturen var synfaring på Skålastien, og både stikkrenner og trappetrinn vart grundig studert. Dagen etter var svenskene vist rundt i Bødalen, før dei tok bilen fatt dei 13 timane heimover, no med litt meir erfaring i bagasjen.

Avisa Fjordingen laga ei nyhendesak her

(Publisert:23.09.2013 Sist endret:01.10.2014)