Stiutbetring i Lundeskaret og Oldeskaret

Gammal merking av ruta opp mot Oldeskaret
Gammal merking av ruta opp mot Oldeskaret, Foto: Maria Knagenhjelm

 

Jostedalsbreen nasjonalparkstyre har prioritert dei gamle stiane til Lundeskaret i Jølster og Oldeskaret i Stryn for opprusting sommaren 2014. Prosjekta vert lagt ut til anbod etter offentlege retningslinjer, og konkurransegrunnlaget kan du lese her.

Dei to gamle stiane har vore ferdselsveger for folk og fe i uminnelege tider. No er det på tide å ruste dei opp att, slik at folk kan oppleve dei flotte stiane på ein enklare og tryggare måte. Nye wirer skal boltast fast og enkle trappetrinn skal murast opp enkelte plassar.

Oldeskaret: Frå Melkevoll går ein oppover fjellsida sør for Vølefossen, gjennom fjellsprekken Gløveret før ein kjem opp i Oldeskaret. Frå Oldeskaret kan ein fint gå vidare i lett terreng til Haugastøylen i Stardalen.

Lundeskaret: Frå Lunde ved Kjøsnesfjorden går ein opp Lundeskaret og anten til Trollevatn, Marabreen, vidare til Fjærland eller innover breplatået. Stien over Lundeskaret vart starta opparbeidd allereie i 1906, og det er sagt at stien truleg er den brattaste opparbeida stien i hele landet. DNT bidrog på den tida med 300 kroner av eit totalbudsjett på 800 kroner, og arbeidet utgjorde heile 800 dagsverk!

Les meir om Jostedalsbreen som turist- og klatremål på fylkesarkivet sin side

Både arbeidsleiing av stiopprustinga og sjølve stiarbeidet er no lagt ut på offentleg anbod. Frist for å komme med tilbod er 9. mai.

Konkurransegrunnlaget for arbeidsleiing av stiprosjekt finn du her

Konkurrasegrunnlag for stiarbeidet finn du her

På veg opp mot Oldeskaret

(Publisert:23.04.2014 Sist endret:18.02.2020)