Stiprosjektet i gjenge i juni!

Snart er stiarbeidet i gang med god hjelp frå SNO og sherpaar frå Nepal
Snart er stiarbeidet i gang med god hjelp frå SNO og sherpaar frå Nepal, Foto: Maria Knagenhjelm

Snart kan du sjå dyktige sherpaar i full sving med å restaurere stien til Flatbrehytta i Fjærland. Litt seinare i sommar startar også arbeidet med å restaurere dei gamle steintrappane til Kamperhamrane, eit flott kulturminne i Stryn kommune.

Arbeidet på stien frå Øygard i Supphelledalen/Fjærland og oppover mot Flatbrehytta skal vere i gang frå omtrent den 10. juni. Husdoktor og fjellbonde Geirr Vetti leverte det einaste anbodet på utføring av stiarbeidet, og set i gang med to sherpalag frå Nepal. Restaureringen av Kamperhamrane startar litt seinare, omtrent midt i juni.

Stiarbeid opp mot Skåla utført av sherpaar

Biletet viser tidlegare stiarbeid utført av sherpaane på Skålastien (Foto: Maria Knagenhjelm)

Sherpaane arbeider i lag på tre og tre, og har breid arbeidserfaring på slike oppdrag. Tidlegare sommarsesongar har dei arbeida på Skålastien, stien til Fanaråken og mange andre ferdselsårer både i og utanfor norske verneområde. Fleire av dei som kjem til Noreg om sommaren for å utføre slike sti- og steinarbeid, har tidlegare vore på Mount Everest som fjellguidar og bærarar.

 

fmsfmck (Publisert:30.05.2013 Sist endret:01.10.2014)