Restaureringa av stiane opp Lundeskaret og Oldeskaret på anbod

Gammal merking av ruta opp mot Oldeskaret
Gammal merking av ruta opp mot Oldeskaret, Foto: Maria Knagenhjelm

Jostedalsbreen nasjonalparkstyre ønskjer i 2015 å fullføre restaureringsarbeidet på stiane opp Lundeskaret i Jølster og Oldeskaret i Stryn.

Arbeidet på begge stiane omfattar vidareføring og sluttføring av arbeid som vart starta opp 2014:

  • Muring av trapper/hellelegging
  • Utgraving ”bredding” av sti
  • Graving og steinsetting av stikkrenner
  • Omlegging av sti med muring og liknande.
  • Bistå ved feste av wirer

 

Prosjekta vert lagt ut til anbod etter offentlege retningsliner, og konkurransegrunnlaget kan du lese ved å trykke på lenka nedanfor. Frist for å kome med tilbod er 22. mai.

 

(Publisert:08.05.2015 Sist endret:18.02.2020)