Mange flotte møte rundt i bygdene rundt nasjonalparken

Bygdemøtet i Fjærland
Bygdemøtet i Fjærland

Det var mange frammøtte rundt i dei mange bygdene då nasjonalparkforvaltninga inviterte til innspel til forvaltningsplanarbeidet.

Dei i alt seks bygdemøta vart halde rundt i alle randsoner av nasjonalparken. Tidvis var det ein stor prosenvis del av bygdane (rundt 35 % av Veitastrendingane kom!) som kom for å lære meir om nasjonalparken og dele av erfaringane sine frå områda.

Styremedlemmet frå den respektive kommunen ønskja velkommen før forvaltning og Statens Naturoppsyn fortalte om nasjonalparken, om den nye forvaltningsordninga og om alle tiltaka som går føre seg i verneområdet. Undervegs var det mange spørsmål og innspel, og det var ofte livlege diskusjonar rundt bordet då klokka tikka mot midnatt. Det er folk som bur i nærleiken av nasjonalparken som har best lokalkjennskap til området, og forvaltninga satt stor pris på alle innspela som kom.

Til saman på møta i Jostedalen, Veitastrond, Fjærland, Stardalen, Olden og Oppstryn kom det omlag 125 menneske.  

Bygdemøtet i Stardalen

Bygdemøtet i Jostedalen

(Publisert:03.04.2014 Sist endret:01.10.2014)