Kva slags tiltak ønskjer nasjonalparkstyret å få til i 2016?

Veitastrond i Luster
Veitastrond i Luster

Jostedalsbreen nasjonalparkstyre vedtok, i sitt siste styremøte før jul, kva for tiltak dei ønskjer gjennomført i nasjonalparken i 2016. Brui mellom Tungestølen og Nyestølen på Veitastrond vart prioritert høgast på lista.

Brui på Veitastrond blei øydelagt av store snømengde vinteren 2014/15, og er ein mykje nytta bru, både for turgåarar og for stølseigarar. Nasjonalparkstyret er oppteken av at infrastruktur i og rundt innfallsportane til nasjonalparken skal prioriterast høgt. Difor har styret sett av ein open post på planen til eventuelle andre uføresette hendingar. Kanskje snøen tek godt tak denne vinteren også?

Brui mellom Tungestølen og Nyestølen på Veitastrond.

Eit anna tiltak som er høgt prioritert er eit samarbeid med studentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane om ein bachelor-oppgåve. Ein gruppe studentar ved studiet Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur skal skrive og analysere innfallsporten Haugabreen i Stardalen, Jølster. Dette er den sjuande innfallsporten som HiSF-studentar analyserar for nasjonalparkstyret.

I møtet til Fagleg rådgjevande utval kom Norsk Bremuseum med ønskje om støtte til eit mangeårig prosjekt dei har leia, nemlig Breturkartet. Dette kartet syner nasjonalparken, litt om forvaltning og oppsyn, med innteikning og skildring av alle naturbaserte aktivitetsverksemder, samt nasjonalparksentra. Breturkartet blir produsert og distribuert i eit stort oppslag. Her er lenkje til fjorårets kart.

Eit flott tiltak for å ta vare på kulturlandskapet i Erdalen er også høgt prioritert. Tiltakshavarane ønskjer mellom anna å rydde skog og kratt som veks innpå sætrevollen. Dei ønskjer også settje opp ein resgard (risgard), ein tradisjonell måte å forhøge steingarden på med kratt og kvist.

Heile planen med tiltak som vi ønskjer å gjennomføre i og rundt Jostedalsbreen nasjonalpark kan du sjå her.

 

(Publisert:18.12.2015 Sist endret:18.02.2020)