Innspel til tiltaksplanen for 2016

Kvart år blir Jostedalsbreen nasjonalparkstyre tildelt midlar for å styrke og ivareta verneverdiane i nasjonalparken. Vi ønskjer innspel på tiltak som kan ivareta og styrke verneverdiene og verneføremålet til nasjonalparken.

Kor mykje midlar som vert tildelt er avhengig av innmeldte behov frå styret til direktoratet, samt kor mykje som vert vedteke i statsbudsjettet og prioritert til oss frå Miljødirektoratet.

For å få ei oversikt over behovet for tiltak i nasjonalparken framover lagar Jostedalsbreen nasjonalparkstyre ein plan. Denne tiltaksplanen gir grunnlaget for ein planmessig og framtidsretta forvaltning av dei tildelte midlane. Forvaltninga ønskjer no innspel til tiltak som kan vi kan gjennomføre inne i og i randsona til nasjonalparken for det neste kalenderåret!

Tiltaksplanen vil danne grunnlag for tildeling av tiltaksmidler, både til lag, organisasjoner og privatpersoner, samt til tiltak som vert gjennomført i regi av Statens naturoppsyn og forvaltninga. Dei økonomiske rammene for nasjonalparkforvaltningen vert lagt i statsbudsjettet. Kva tiltak som kan gjennomførast i 2016 vil truleg ikke være klart før mars.

Innspel til planen må innehalde ei omtale av tiltaket. I tillegg ber vi om et kostnadsoverslag og plan for finansiering der det er aktuelt.

Frist for å komme med innspel er 1. nov. 2015, send e-post til fmsfmck@fylkesmannen.no Har du spørsmål, ta gjerne ein telefon til forvaltar Maria C. Knagenhjelm på tlf 93 66 42 56.

(Publisert:12.11.2013 Sist endret:18.02.2020)