Innspel til tiltaksplanen for nasjonalparken

Kvart år blir Jostedalsbreen nasjonalparkstyre tildelt midlar for å styrke og ivareta verneverdiane i nasjonalparken. Kor mykje midlar som vert tildelt er avhengig av innmeldt behov, samt kor mykje som vert vedteke i statsbudsjettet og prioritert av Miljødirektoratet. Vi ønsker innspill på tiltak som kan styrke og ivareta verneverdiene og verneføremålet til nasjonalparken.

For å få ei oversikt over behovet for tiltak i nasjonalparken framover skal Jostedalsbreen nasjonalparkstyre lage ein plan. Denne tiltaksplanen vil gi grunnlaget for ein forutsigbar forvaltning av tiltaksmidlane. Forvaltninga ønskjer no innspel til tiltak som kan gjennomføres inne i, og i randsona til nasjonalparken.

Tiltaksplanen vil danne grunnlag for tildeling av tiltaksmidler, både til lag, organisasjoner og privatpersoner, samt til tiltak som vert gjennomført i regi av Statens naturoppsyn og forvaltninga. Dei økonomiske rammene for nasjonalparkforvaltningen vert lagt i statsbudsjettet. Hvilke tiltak som kan gjennomførast i 2014 vil truleg ikke være klart før mars 2014.

Innspel må innehalde ei omtale av tiltaket. I tillegg ber vi om et kostnadsoverslag og plan for finansiering der det er aktuelt.

Frist for å komme med innspel er 28. nov. 2013, send e-post til jostedalsbreen@fylkesmannen.no Har du spørsmål, ta gjerne ein telefon til forvaltaren på nr 93 66 42 56.

(Publisert:12.11.2013 Sist endret:01.10.2014)