Årsrapport frå SNO i Jostedalsbreen i 2012

Statens naturoppsyn JostedalsbreenÅrsrapporten for 2012 frå Statens naturoppsyn (SNO) i Jostedalsbreen er ferdig. I rapporten kan du lese om kva aktivitetar SNO har hatt innanfor Jostedalsbreen nasjonalpark det siste året.

I 2012 har SNO fulgt opp arbeidet på stien til Skålatårnet, som har pågått i fem år. Dette året er det siste med omfattande arbeid på stien. SNO har også fulgt opp arbeidet med utarbeiding av ein rapport om restaurering av fem gamle ferdselsvegar i nasjonalparken. Denne rapporten vil liggje til grunn for arbeid på dei fem stiane dei neste åra. Av mindre tilrettelggingstiltak er det i 2012 blant anna gjort utsiktsrydding ved Bøyabreen og arbeid på stien inn mot Bergsetbreen.

Formidling om vern, naturmangfald og liknande er ein viktig del av arbeidet til SNO. I 2012 har det blitt gjennomført få formidlings- og informasjonstiltak. Denne sida av oppsynsjobben vil SNO og nasjonalparkstyret styrke i 2013.

Du kan lese meir om SNO sitt arbeid i Jostedalsbreen nasjonalpark i årsrapporten for 2012.

 

(Publisert:19.12.2012 Sist endret:01.12.2015)