Årsrapport frå SNO i Jostedalsbreen 2015

SNO årsrapport 2015
SNO årsrapport 2015, Foto: Anne Rudsengen

Årsrapporten for 2015 frå Statens naturoppsyn (SNO) Jostedalsbreen er ferdig. I rapporten kan du lese om kva aktivitetar SNO har hatt innanfor nasjonalparken det siste året.

Utforming og utplassering av nye varselskilt framfor ustabile og mykje besøkte brear, samt oppfølging av av prosjektet om ferdselsvegen over Kamperhamrane som `historisk ferdselsrute` har vore to sentrale oppgåver for SNO-Jostedalsbreen i 2015.

I tillegg har Anne Rudsengen fulgt opp arbeidet på dei to gamle ferdselsvegane Lundeskaret og Oldeskaret. Dette året var det siste med omfattande arbeid på disse to rutene.

Statens naturoppsyn Jostedalsbreen

 

 

 

 

 

 

Formidling om vern, naturmangfald og ferdsel er ein viktig del av arbeidet til SNO. Både på oppsynsturar, gjennom foredrag og formidling via trykte medium er gode kanalar å spreie kunnskap.

Du kan lese meir om SNO sitt arbeid i Jostedalsbreen nasjonalpark i årsrapporten for 2015.

 

(Publisert:19.12.2012 Sist endret:03.07.2020)