Anbod - invitasjon til konkurranse om istandsetjing av parsell på Skålastien

Jostedalsbreen nasjonalparkstyre inviterer interesserte tilbydarar til å delta i konkurranse. Anbodet gjeld kjøp av tenester for istandsetjing av ein parsell i nedre del av Skålastien i Loen, Stryn kommune.

Tilbodsfrist er sett til 6.mai 2020 kl 13:00.

For meir informasjon om prosjektet sjå i konkurransegrunnlaget.

Føremålet med kjøpet er:

  1. Å fullføre istandsetting av fyrste del av Skålastien, ved fyrste sving ovanfor traktorvegen.
  2. Å gjere Skålastein betre for turgåarar på Skålastien.
  3. Å gjere Skålastien betre for krøtter på veg til og frå sommarbeite i dalføret, og dermed bidra til at kulturlandskapet vert halde i hevd.
  4. Å stimulere og leggje til rette for utøving av enkelt friluftsliv.

Nasjonalparkforvaltninga har arbeidd med istandsetting av utvalde stiar og driftevegar inn i nasjonalparken. På nokre av stiane og driftevegane er det aktuelt med oppgradering for betre tilrettelegging for ferdsel og framkomelegheit for folk og fe. Nasjonalparkstyret får årleg tildeling av tiltaksmidlar over statsbudsjettet. Val av tiltak som kan setjast i gang er avhengig av tildelte midlar det enkelte året, og kan variera frå år til år.

I 2019 fekk Skålastialget midlar frå Olav Thon Stiftelsen til å starte restaurering av Skålastien frå enden av traktorvegen og oppover. Det vart dette året gjennomført istandsetting av om lag 50 meter sti.

I 2020 er det planlagt å kjøpe tenester til istandsetting av den påfølgjande parsellen, forbi fyrste s-sving og vidare oppover så langt ein kjem med dei midlane vi har til rådvelde.

Her er liste over alle dokument til konkurransen:

1. Konkurransegrunnlag

2.Detaljkart arbeid på Skålastien 

3. Oversiktskart Loen og Skålastien

4. Pris- og tilbodsskjema

(Publisert:22.04.2020 Sist endret:03.07.2020)