Hattebergsdalen landskapsvernområde

Bjørndalstølen i Hattebergsdalen
Bjørndalstølen i Hattebergsdalen, Foto: SNO - Olaf Bratland

Det godt bevarte Bjørndalsstølen ligg i Hattebergsdalen landskapsvernområde.

Hattebergsdalen sitt særpreg:

Hattebergsdalen er nært knytt opp mot det særmerkte kulturlandskapet ved Baroniet Rosendal, og er det landskapsvernområdet på Folgefonnhalvøya som er sterkast prega av landbruk. Dalen er ein viktig innfallsport til nasjonalparken og saman med mektige fjell som Melderskin og Malmangernuten, utgjer den varig verna Hattebergselva eit sentralt og viktig landskapstrekk som har vore inspirasjon for mange maleri opp gjennom tidene.

Føremålet med vern av Hattebergsdalen landskapsvernområde er å:

  • ta vare på eit eigenarta og vakkert naturområde med store opplevingskvalitetar knytt til heilskapen og variasjonen i naturen frå dalføret opp mot høgfjellet
  • sikre viktige geologiske førekomstar og biologisk mangfald
  • sikre verdifull vassdragsnatur
  • verne om verdifulle kulturlandskap og kulturminne
  •  

    Kvar: Kvinnherad kommune
    Oppretta:
    29.april 2005
    Areal:
    15,4 km2

    Gjeldande lovverk:

     

    (Publisert:13.06.2012 Sist endret:17.06.2014)