Folgefonna nasjonalpark

Bergfrue i Bondhusdalen.
Bergfrue i Bondhusdalen., Foto: Bjørn Moe

Bergfrue ved Bondhusvatnet. Foto: Bjørn Moe

Folgefonna nasjonalpark er ein av to norske nasjonalparkar som strekkjer seg heile vegen frå fonna til fjorden. Med sin dramatiske og vakre natur med fjordar, fjell, elvar, vatn og brefall, er Folgefonnhalvøya rekna som eit av dei viktigaste reisemåla i Noreg.

Folgefonna sitt særpreg:

Folgefonna nasjonalpark er dominert av den mektige Folgefonna, den 3 største isbreen i Noreg. Fonna gjev liv til mange ville fossar og elvar, og vatnet fører med seg næring til frukthagane ved Hardangerfjorden. Heile landskapet rundt fonna er sterkt prega av aktiviteten til isen opp gjennom tidene. Fem vassdrag i området er varig verna mot kraftutbygging. Området er rikt på kvartærgeologiske former skapte av is og vatn. Det ligg fleire stølar og det er spor etter tidlegare stølsdrift i nasjonalparken.

Føremålet med vernet av Folgefonna nasjonalpark er å:

  • ta vare på eit stort og tilnærma urørt naturområde, som sikrar heilskapen og variasjonen i naturen frå låglandet til høgareliggjande område med bre og fjell
  • ta vare på verdifull vassdragsnatur
  • sikre det biologiske mangfaldet med økosystem, artar og bestandar
  • sikre viktige geologiske førekomstar
  • sikre verdifull vassdragsnatur

 

Kvar: Odda-, Jondal-, Kvinnherad-, Etne kommune og Ullensvang herad.
Oppretta:
29.april 2005
Areal:
Omlag 545 km2

(Publisert:13.06.2012 Sist endret:09.07.2014)