Buer landskapsvernområde

Utsikt over Buerbreen
Utsikt over Buerbreen, Foto: SNO - Olaf Bratland

Buerdalen er smal og vill, med høge, stupbratte dalsider.

Buerdalen sitt særpreg

Vegetasjonen i dei to dalsidene er svært ulik. Skog med bjørk og gråor og mykje bregner i feltsjiktet dominerer den nordvente lia. I den sørvendte lia er det meir eller mindre samanhangande edellauvskog. Den varmekjære skogen står i sterk kontrast til brearmen Buerbreen som ligg eit lite stykke unna. Buerdalen er det mest besøkte av landskapsvernområda på Folgefonnahalvøya.

Føremålet med vernet av Buer landskapsvernområde er å:

  • ta vare på eit eigenarta og vakkert naturområde med store opplevingskvalitetar knytt til heilskapen og variasjonen i naturen frå dalføret opp mot høgfjellet
  • sikre viktige geologiske førekomstar og biologisk mangfald
  • sikre verdifull vassdragsnatur
  • verne om verdifulle kulturlandskap og kulturminne

 

Kvar: Odda kommune
Oppretta:
29.april 2005
Areal:
21,3 km 2

Gjeldande plandokumet:

(Publisert:13.06.2012 Sist endret:17.06.2014)