Bondhusdalen landskapsvernområde

Bondhusdalen LVO - På vinterstid
Bondhusdalen LVO - På vinterstid, Foto: SNO - Olaf Bratland

Bondhusdalen er eit velkjend turistmål og er ein av dei mest nytta innfallsportane til nasjonalparken.

Bondhusdalen sitt særpreg:

Inst i i Bondhusdalen landskapsvernområde ligg Bondhusvatnet og Bondhusbreen. Isvegen inn dalen vart bygd i 1863 for eksport av is frå Bondhusbreen, 30 år seinare vart ridestien (Keisarstien) om stølen Gardshammar vidrare til Breidablikk laga. Denne vegen er i dag ein av dei mest nytta oppgongane til Folgefonna. Vegen var laga for å kunne frakte turistar med hest over breen til Odda. Bygdefolket plikta å halde intil 8 hestar tilgjengeleg for turisttrafikken over fonna. Det vart sagt at hestane i Sundal sprang til skogs då dei hørte turistbåten fløytte ute i fjorden.

Føremålet med vern av Bondhusdalen landskapsvernområde er å:

  • ta vare på eit eigenarta og vakkert naturområde med store opplevingskvalitetar knytt til heilskapen og variasjonen i naturen frå dalføret opp mot høgfjellet
  • sikre viktige geologiske førekomstar og biologisk mangfald
  • sikre verdifull vassdragsnatur
  • verne om verdifulle kulturlandskap og kulturminne

 

Kvar: Kvinnherad kommune
Oppretta: 29.april 2005
Areal: 14,0 km 2

Gjeldnade plandokument:

(Publisert:13.06.2012 Sist endret:18.06.2014)