Ænesdalen landskapsvernområde

Ænesdalen LVO - Utsikt mot Vatnastølen
Ænesdalen LVO - Utsikt mot Vatnastølen, Foto: Atle Kambestad

Æneselva med sin kvite sandbotn renn roleg gjennom landskapet i Ænesdalen landskapsvernområde.  

Ænesdalen sitt særpreg:

I Ænesdalen ligg den meandrerande Æneselva som gjer at det vert danna nye landformer i dramatisk skala og intersitet. Elvelandskapet er vakkert og unikt. Elva er varig verna mot kraftutbygging. Dalen er den av landskapsvernområda på Folgefonnhalvøya som er minst prega av landbruk, man har aktiv skogsdrift. Skogbilete, den meandrerande elva og dei mektige fjellformasjonane er dei viktigaste landskapstrekka i dalen.

Ænesdalen er den dalen på Folgefonnhalvøya som har den beste samlinga av verneverdige kvartærgeologiske avsetningar.

Dalen er også eit viktig område for hjorten.

Føremålet med vern av Ænesdalen landskapsvernområde er å:

  • ta vare på eit eigenarta og vakkert naturområde med store opplevingskavlitetar knytte til heilskapen og variasjonen i naturen frå dalføret til høgfjellet
  • sikre viktige geologiske førekomstar og biologisk mangfald
  • sikre viktig vassdragsnatur
  • verne om verdifulle kulturlandskap og kulturminne

 

Kvar: Kvinnherad kommune
Oppretta:
29.april 2005
Areal:
3,4 km 2

Gjeldande plandokument:

(Publisert:13.06.2012 Sist endret:17.06.2014)