Prioriterte tiltak i 2014

Miljødirektoratet har løyvd 400 000 kroner i tiltaksmidlar gjennom bestillingsdialogen for 2014. Najonalparkstyret har prioritert tre tiltak.

Opprusting av Buføre-/pilegrimsvegen skal halde fram i 2014. Nasjonalparkstyret har løyvd 250 000 kroner i tiltaksmidlar til dette i år. Interessegruppa for Buførevegen står for opprustinga. Vegen har vore med i verdiskapingsprogrammet Naturarven som verdiskapar.

Bygging av ny bru i Ænesdalen og sikring av sti over elva ved Steinlaupet skal halde fram i 2014. Nasjonalparkstyret har løyvd 100 000 kroner i tiltaksmidlar til dette i år. Ænes elveeigarlag står for arbeidet.

Reparasjon av Gardshammarvegen i Bonhusdalen er planlagt å halde fram i 2014. Nasjonalparkstyret har fått 50 000 kroner i tiltaksmidlar til dette i år. 

(Publisert:08.07.2014 Sist endret:09.07.2014)