Bestillingsdialog

Buerdalen LVO - Vardejungel
Buerdalen LVO - Vardejungel, Foto: SNO - Olaf Bratland

Bestillingsdialog er ein årleg prosess som alle verneområdestyra og alle Fylkesmenn har med Statens naturoppsyn (SNO), der ein melder inn kva behov ein har for midlar og arbeidskraft i dei ulike verneområda.

Bestillingsdialogen er en formalisert prosess mellom forvaltningsmyndigheita og SNO lokalt for å sikre god dialog og forutsigbarhet med omsyn til prioritering av oppsynsinnsats og gjennomføring av tiltak i felt. Bestillingsmøta er ein arena for rapportering fra SNO lokalt, drøfting av status, utfordringar og tiltaksbehov. Dette er både et grunnlag for forvaltningsmyndigheita si innmelding av behov for oppsynsinnsats og gjennomføring av tiltak, samt innmelding av behov for tiltaksmidlar til Miljødirektoratet/SNO.

Kvart år vert det løyvd midlar til tiltak i verneområda over statsbudsjettet. Ein pott er avsett til tiltak i større verneområde. I samarbeid mellom SNO sentralt og Miljødirektoratet (MDIR), vert denne potten fordelt til dei ulike verneområda. Kvar haust må kvart verneområdestyre søkje midar til ulike prosjekt inn mot potten. Prosjekta skal vera positive for verneføremålet og i tråd med forvaltningsplan for området. Verneområdestyra skal prioritera mellom dei ulike prosjekta.

Folgefonna nasjonalparkstyre har sitt årlege bestillingsdialogmøte med lokalt SNO i månadskiftet november/desember. Endeleg tildeling vert som regel klart frå Miljødirektoratet i byrjinga av mars. Kort feltsesong gjer det viktig at formelle løyve/godkjenningar er i orden og at tiltak kan setjast i verk så snart som råd.

(Publisert:21.12.2011 Sist endret:18.07.2014)