Ryddar fram att Kongevegen over Dovrefjell

Børset Skog og Veg gjer vegetasjonen dei har rydda klar for å bli henta ut med helikopter.
Børset Skog og Veg gjer vegetasjonen dei har rydda klar for å bli henta ut med helikopter.

God fantasi har vore naudsynt for å sjå for seg at det ein gong gjekk an å reise med hest og kjerre på Vårstigen som er ein del av Kongevegen over Dovrefjell. No kjem den gamle køyrevegen fram i ljoset att.  

"Mand har altsaa aarsage at takke den Naadige Gud, som saa vel bevarede deres Majesteter paa disse farlige Veje."

Slik blir Vårstigen skildra i ein omtale av kong Christian VI si ferd på Kongevegen i 1733. Ei av mange historier om skrekkslagne vegfarande i Gro Steinsland si bok "Dovrefjell i tusen år".

Utsikta kjem fram att når vegetasjonen blir rydda. Her på nedste del av strekket mot Nestavollan. Det berykta strekket har vorte mindre skummelt å ferdast på i nyare tid. Vegetasjonen har vakse seg høg og stengt for utsikta ned til Driva. Men når vegen blir rydda, kjem suget i magen attende. 

Vil bevare Kongevegen for framtida

Oppryddinga er ein del av eit større prosjekt der ein restaurerer og tilrettelegg Kongevegen over Dovrefjell for å sikre- og bevare den for framtida.

Den vart bygd opp på slutten av 1600-talet og gjennom 1700-talet. Ein fekk då køyrbar veg, noko som gjorde at også dei kongelege våga seg ut på desse traseane. Det er skildra kongeferder over Dovrefjell i 1685, 1704 og 1733. 

Marit Johansson leiar prosjektet som skal vare fram til 2021. Ryddinga av Vårstigen er ein viktig del av arbeidet. Henrik Børset og kollegane hans i Børset Skog og Veg håper å kunne halde fram med vegetasjonsfjerning ut oktober, og starte opp att arbeidet neste sommar.Synfaring på Vårstigen. F.v. Henrik Børset, leiar i Børset Skog og Veg, Kari Anne K. Wilberg, rådgjevar ved landbruksforvaltinga i Oppdal kommune, Carl S.Bjurstedt, forvaltar i Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark og Marit Johansson, prosjektleiar for Kongevegen over Dovrefjell.

Vegetasjonen blir lyfta ut av med helikopter. Området dei jobbar i er ein del av Drivdalen landskapsvernområde, og Dovrefjell nasjonalparkstyre har gjeve løyve til tiltaka. 
Frå venstre: Henrik Børset, hoggersjef; Kari Anne Kaxrud Viberg, Oppdal kommune; Carl S. Bjurstedt, nasjonalpark-forvaltar; Marit Johansson, prosjektleiar Kongevegprosjektet.

Kjelder:

www.kongevegenoverdovrefjell.no

Steinsland, Gro: Dovrefjell i tusen år. Mytene, historien og diktningen. Vigmostad  & Bjørke AS, 2014

(Publisert:09.10.2018)