Merkevare nasjonalpark - Snøhetta engasjert



Merkevareprosjektet for Noreg sine nasjonalparkar er ein del av Miljødirektoratet si satsing på besøksforvaltning i Noreg. Det er plukka ut pilotområde, vi er ikke mellom desse, men vi er med i arbeidet.

Ein del av dette prosjektet er å bygge ei felles merkevare av nasjonalparkane. Til dette arbeidet er arkitektkontoret Snøhetta plukka ut til å gjere arbeidet i samarbeid med direkoratet og pilot-områda. Deira arbeid skal vere ferdig til nyttår i år. 

Om prosjektet:
"Miljødirektoratet har sett i gong eit prosjekt som skal leie fram mot ein felles visuell identitet og merkevare for Noreg sine nasjonalparkar og naturinformasjonssentre. 

Merkevarebygging er i denne samanheng ikkje å miste kontrollen til markedskreftene, men å sørgje for forsvarleg forvaltning av våre naturverdiar. Målet er fleire besøkende – uten at det går ut over vernet av naturen.
Ei kvar merkevare bør eige eitt ord i forbrukaren sitt hovud heiter det i merkevarelova paragraf 5. Dette eine ordet, eller konseptet som Snøhetta kallar det, er utgangspunktet for ein robust strategi, ein tydelig identitet og effektiv kommunikasjon."

Vi vil gjerne bidrag der det trengs og ønskjer Snøhetta lykke til med arbeidet. Me ser fram til sluttresultatet. 

(Publisert:15.05.2014 Sist endret:15.08.2018)