Ekstra kontroll i lokale verneområde

Illustrasjonsbilete (Foto: R.N.Strand)
Illustrasjonsbilete (Foto: R.N.Strand)

Statens Naturoppsyn prioriterer i haust spesielt kontroll med inngrep og byggesaker i verneområda i Rondane, Dovre, Dovrefjell-Sunndalsfjella og Breheimen nasjonalpark. Prioriteringa skjer etter oppmoding frå Miljødirektoratet.

 Det er ikkje heilt uvanleg at ein finn brot på regelverket, seier Arne J. Mortensen. Seniorrådgjevaren i Statens Naturoppsyn har ansvaret for kontrollane i Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark.Tilsynet vil bli gjort i samband med øvrige oppdrag. Dei vil mellom anna kontrollmåle bygningar i verneområda ved å ta utvendige mål og undersøke om desse er i samsvar med løyve frå forvaltinga.

Dersom dei oppdagar brot på naturmangfaldlova, føresegner i verneforskrifta eller på enkeltvedtak med heimel i desse, blir det rapportert til forvaltingsstyresmaktene og behandla vidare av dei. Det store talet på hytter og buer i verneområda gjer at det er behov for tilsyn. Målsetjinga er å vere ferdig med kontrollane innan året er omme. 

Kan krevje stans av ulovlege tiltak

 Døme på brot på regelverket som normalt blir melde til politiet er:

  • Ulovlege fysiske inngrep av varig karakter, t.d. vegbygging, oppføring av bygg eller andre anlegg.
  • At søker har gjennomført tiltak trass avslag.
  • At tiltakshavar har gått klart utover den løyva som er gitt.
  • Når søknadspliktig tiltak er utført eller sett i gong utan at det er søkt på førehand.

 

Dersom Statens Naturoppsyn avdekker ulovlege pågåande forhold i felt, kan dei gje munnleg pålegg om direkte stans på staden. Det skjer dersom det hastar å stoppe ulovleg aktivitet for å hindre eller redusere skade, men som hovudregel skal pålegg om retting og stans skje i eit skriftleg vedtak frå vernestyresmaktene.

For å krevje retting av eit forhold som allereie er utført, eller stans av eit pågåande forhold, er det krav om at handlinga eller forholdet er i strid med regelverket. At det har oppstått, eller er fare for skade på naturmangfaldet er altså ikkje eit krav for at handlinga er ulovleg. Sjølv om eit forhold blir meldt til politiet kan vernestyresmaktene likevel stille krav til tiltak som mellom anna retting eller attendeføring.

Kjelde: Oppfølging av ulovlige forhold i verneområder. Miljødirektoratet, 2016.

DNPS / RNS (Publisert:20.08.2018 Sist endret:09.10.2018)