Rådgjevande utval

Fram til dei siste vedtektane (2015) heitte utvalet "fagleg rådgjevande utval" Ordet ble tatt vekk då dette er eit interessentforum, ikkje eit fagforum.

Forvaltning av verneområde krev samhandling mellom mange aktørar. Difor er det nemnt opp eit sokalla rådgjevande utval. Dette utvalet skal vere samansett av representantar for dei ymse interessene i området, mellom anna offentlege organ med aktivitet eler interesse i verneområda (t.d. fjellstyre), grunneigarar, næringsliv knytt til verneområdet og frivillige organisasjonar.

Utvalet vert brukt til å gje informasjon frå verneområdestyret til dei som har interesser i området.  Om medlemene er aktive, kan dei bruke forumet til å gje tilbakemeldingar og fremje synspunkt på styret sin forvaltning av området.  Skal utvalet fylle den funkjonen det er tenkt å ha, er det viktig at medlemene tek signal både frå styret og ut til dei de representerer, og motsett veg.

Liste over medlemane i rådgjevande utval  (PDF)...

Utvalet har 24 medlemer, som fordeler seg slik om vi deler dei inn etter kven dei representerar:

3

Friluftsliv og miljøvern

10

Villreinutvalg og -nemnd

1

Statskog

4

Landbrukets organisasjoner

2

Reiseliv

2

Store kraftverkseiere

 2

 Hytteeierforeninger

Det tidlegare Dovrefjellrådet inviterte dei same interessene til sokalla nettverksamlingar med ymse tema, med tanke på gjensidig informasjon og utveksling av meiningar. Denne praksisen med å inkludere og informere interessegrupper i forvaltninga av verneområda, ligg bak tanken om oppretting av eit fagleg rådgjevande utval i den nye forvaltningsmodellen.

(Publisert:29.11.2011 Sist endret:13.04.2018)