Naturbasen

Her kan du sjå data om natur og friluftsliv som Direktoratet for naturforvaltning (DN) har registrert i fagsystemet Naturbase. Dataene er samla inn av kommunene, fylkesmennene, Sysselmannen på Svalbard, sektormyndigheter, Norsk Polarinstitutt (NP) og DN.

Naturbase inneheld data om:

  • Område som er verna, eller føreslått vernet, etter naturmangfaldslova, naturvernlova, Svalbardlova, Svalbardmiljølova og viltlova.
  • Naturtypar og arter som er viktige for å oppretthalde mangfaldet i naturen.
  • Artar som er spesielle for jakt og anna hausting.
  • Kulturlandskap med viktige biologiske og/eller kulturhistoriske verdiar.
  • Friluftslivsområde som er sikra for allmenn bruk ved at staten har kjøpt dei eller skaffa seg spesielle rettar i dei.
  • Motorferdselsreguleringar, reinsjaktområde, ilandstigingsplassar m.m. 
Finn du ikkje data i Naturbase for eit område, betyr ikkje det at området er "verdilaust". Særleg for data om naturtypar og artar kan det vere at området ikkje er kartlagt, eller at data ligg i andre basar. Sjå til dømes Artsdatabanken sitt Artskart. I kommunar kor naturtypedata og artsdata er kartlagt, kan det vere at ein ikkje har gjort registreringar som skal leggast inn i basen. Ta kontakt med kommunen eller fylkesmannen dersom du vil vite meir om status for kartlegging eller innlegging av data i Naturbase.

Du kan lage fylkesvise eller kommunevise lister over område i Naturbase. Du kan også søke direkte i data frå Naturbase via ei eiga side for avansert søk og deretter få vist resultatet av søket i kartet (søkesida er også tilgjengelig via eigen knapp i kartprogrammet). Data frå Naturbase er også synleg i andre karttenester utviklet av DN. Fleire slike karttenester finnes på DN sine heimesider under Kart og miljødata.

For å kvalitetssikre data om biologisk mangfald som skal inn i Naturbase er det eigne instruksar på DN sine kvalitetssikringssider.

Trykk her for å starte naturbase

(Publisert:21.12.2011 Sist endret:15.10.2014)