Kulturminnekart

DyregravÅ ta vare på kulturminne er ein del av verneformålet med både Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark og dei tilgrensa landskapsvernområda. Det er fleire registrerte automatiske kulturminne innan verneområda og det vert stadig gjort nye funn. Desse er sikra gjennom kulturminnelova (og i nasjonalparken gjennom verneforskrifta) og både forvaltninga og brukarar skal ta omsyn til desse verdiane. Det gjeld både omsyn ute i terrenget og ved planlegging av tiltak.

Askeladden er ein nasjonal kartbasert database for automatisk freda og vedtaksfreda kulturminne som vert drifta av Riksantikvaren. For å få tilgang til denne basen må du registrere deg som brukar. Klikk her for å kome til innlogging på Askeladden.

I tillegg til dei kulturminna knytt til kulturminnelova (automatisk freding og vedtaksfreding), er det også yngre kulturminne som ein må ta omsyn til og som har verdi for samfunnet. Det er mange og ulike register for yngre kulturminne. T.d. er SEFRAK ei nasjonal registrering av bygningar som er meir enn 100 år. 

Du finn SEFRAK-objektene i Oppland og Hedemark i InnlandsGIS: Klikk fane "Datakilder".  SEFRAK ligger under "Temadata (åpne)" - "Kulturvern".  Kryss av på båe nivåa.  Under fane "Analyser" kan du så sjekke hvilke data som finnst for et eller fleire punkt med "Identifiser"-knappene (Tips: Vanskeleg å treffe med punkt, teikn heller rektangel rundt.)

For Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag ligger dei i GISLINK:   Fane "Tema- og datakilder" - SEFRAK ligger under den, kryss av. Vidare som InnlandsGIS, sett bort fra at "Identifiser"-knappane ligg under fanen "Kart-informasjon".

(Publisert:21.12.2011 Sist endret:20.10.2014)