Artsdatabanken

Artsdatabanken er ein nasjonal database for registrering av artar. Artskart er kartløysinga knytt til denne databasen.

Her kan du søkje på artar og finne kvar arten er funnen. Du kan også søkje på geografiske område, fylke eller kommune, og få vist i kartet kva artar som er funne. Under arkfana "Kart" kan du også avgrense søket til «belegg» og «observasjoner».

Tenesta er ufullstendig i den forstand at ikkje alle eksisterande funn av artane er tilgjengeleg i tenesta. Mange artsfunn er ikkje digitalisert ennå og mange primærdatabasar er ennå ikkje gjort tilgjengeleg for tenesta. Derfor må du som brukar av tenesta ha dette i tankane når du brukar Artskart.

Artsdatabanken og GBIF-Norge arbeider systematisk med å gjere stadig fleire datasett tilgjengeleg etter kvart som dei vert  kvalitetssikra hos dataeigar. Artskart byggjer på prinsippa i Norge Digitalt. Kvar dataeiger publiserer sine data frå primærdatabase gjennom standardiserte format. Artskart les data frå kvar einskild datakilde og gjer dei tilgjengeleg på kart frå alle datakjeldene samtidig.

Klikk her for å kome til geografisk søk i Artskart

(Publisert:21.12.2011 Sist endret:20.10.2014)