Vigdalen landskapsvernområde

Vigdalsstølen med Sagabakken til Hans Vigdal (nå DNT-hytte)Vigdalen landskapsvernområde vart oppretta i 2009 og dekkjer eit areal på 29,2 km². Landskapsvernområdet grensar inntil Breheimen nasjonalpark og ligg i Luster kommune.

Verneområdet strekker seg frå Storhaug og Vigdalsstølen til Fantilibotn og Smådalane. Vernegrensa går over fjella Kattøyra, Hamarsdalsnosi, Grånosi og Buskrenosi. Dalføret Vigdalen går gjennom heile verneområdet. Dalen er relativt flatt og prega av stølsvollar, vassdragsnatur og høgfjell.

Stølane Fjellstølen (Vigdalsstølen), Breisete og Drivane er sentrale i landskapsvernområdet. Her er viktig kulturhistoriske verdiar som det freda stølshuset til Hans Vigdal (Sagabakken på bilete), nå DNT-sjølvbeteneingshytte  


KVIFOR VERN

Føremålet med Vigdalen landskapsvernområde er å ta vare på eit natur- og kulturlandskap med økologisk verdi, kulturell verdi og opplevingsverdi og som er identitetsskapande. Vidare er føremålet med landskapsvernområdet å:Oversyn over Øystølsreset og mot Fanteli

  • ta vare på biologisk mangfald som pregar landskapet.
  • ta vare på kulturhistoriske verdiar, stølar og kulturminne.
  • ta vare på geologiske førekomstar og breforma landskap som U-dalar, breen sine avsetningar og andre kvartærgeologiske førekomstar.

Ålmenta skal ha høve til natur- og landskapsoppleving gjennom utøving av naturvenleg og enkelt friluftsliv med lita grad av teknisk tilrettelegging.

Verneforskrift for Vigdalen landskapsvernområde
Forvaltningsplan for Breheimen og tilgrensande verneområde
Skjøtselsplan for Vigdalen landskapsvernområde
Kart over verneområdet

Magnus Snøtun (Publisert:05.12.2011 Sist endret:08.04.2016)