Strynefjellet landskapsvernområde

Villrein i Oppljostunnelen 

Strynfjellet landskapsvernområde vart oppretta i 2009 og dekkjer eit areal på 11,8 km2. Landskapsvernområdet grensar inntil Breheimen nasjonalpark i Skjåk kommune.

Frå Raudeggbreen kjem ei breelv ned og deler ser i to greiner på eit delta i Vassvendtjønn. Den eine greina renn mot Austlandet og den andre renn mot Vestlandet. Derfor heiter det her Vassvenda.

slkfjsdlkfjslid

Over Strynefjellet går den freda nasjonale turistvegen, Gamle Strynefjellsvegen, som vart bygd i 1895. Den avløyste gangvegen mellom Austlandet og Vestlandet som har vore brukt i uminnelege tider. Ved vegen ligg dei gamle steinbuene, Heillstugu og Vassvendingsherberget.

 

KVIFOR VERN

Føremålet med opprettinga Strynefjellet landskapsvernområde er å:

  • ta vare på eit eigenarta naturlandskap som del av eit samanhengande høgfjellsområde
  • ta vare på biologisk mangfald i området, med særleg vekt på leveområde og trekkområde for villreinstammen i Ottadalen villreinområde. Dette høgfjellsområde er eit viktig trekkområde for villreinen mellom områda sørover mot Rauddalen og områda nordover til Tafjord og Geiranger.
  • ta vare på kulturminne som bidreg til landskapet sin eigenart
  • ta vare på vakker og særprega vassdragsnaturMårådalen med Raudegga

 

TA OMSYN

  • Du kan ferdast til fots og på ski. Motorferdsel er forbode, bortsett frå på bilvegen.
  • Du kan stoppe og raste kvar du vil, men ta med søppel heim.
  • Du kan plukke bær og matsopp, og vanlege planter til eigen bruk. Unngå å skade vegetasjon og kulturminne.
  • Ta omsyn til dyr og fuglar, særleg i hekke- og yngletida.
  • Villreinen er sårbar og brukar området heile året. Derfor er det viktig å vise omsyn. Hald god avstand til dyra.
  • Du kan tenne bål. Bruk medboren ved eller bruk trevirke frå området skånsamt. Du kan nytte deg av tilbod om jakt og fiske. Hugs jakt- og fiskekort.

 

Verneforskrift for Strynefjellet landskapsvernområde
Forvaltningsplan for Breheimen og tilgrensande verneområde
Skjøtselsplan for Strynefjellet landskapsvernområde
Kart over verneområdet

Magnus Snøtun (Publisert:20.12.2011 Sist endret:08.04.2016)