Mysubytta landskapsvernområde

Mysubytta landskapsvernområde vart oppretta i 2009 og dekkjer eit areal på 5,6 km². MysubyttaLandskapsvernområdet grensar inntil Breheimen nasjonalpark i Skjåk kommune.

Besøkande skal ha høve til naturoppleving gjennom utøving av naturvennleg friluftsliv. Namnet Mysubytta kjem truleg av elva og lendet. Elva som renn etter dalen får ofte mysu-farge av alt slammet som kjem frå innunder Sekkebreen og ”bytta” kjem truleg av botn.

På sjølve seterstulen er det sju setrar. Eit av fjøsa er frå siste del av 1700-talet. Både geiter og sauar beiter i området. Viktige ferdselsvegar har gått frå Sota og Mysubytta over til vestlandet både i eldre og nyare tid.

I området veks mellom anna handmarinøkkel og orkideane kvitkurle og brudespore. Dette er sjeldne artar som trivst i kulturlandskapet.

 

KVIFOR VERN

Føremålet med opprettinga av Mysubytta landskapsvernområde er å:

  • ta vare på verdifullt setermiljø, vegetasjon og kulturminne som utgjer ein vesentleg del av landskapet sin eigenart.
  • Røykjeskålsvatnet  ved Mysubyttata vare på eit stort saman-hengande naturområde med rikt dyre- og planteliv som pregar landskapet.
  • ta vare på geologiske førekomstar og landskapsformer.
  • ta vare på vakker og særprega vassdragsnatur.


TA OMSYN

  • Du kan ferdast til fots og på ski. Motorferdsel er forbode, bortsett frå på bilvegen inn til Mysubytta.
  • Du kan stoppe og raste kor du vil, men ta med søppel heim.
  • Du kan plukke bær og matsopp og i tillegg vanlege planter til eigen bruk. Unngå å skade vegetasjon og kulturminne. Ta omsyn til dyr og fuglar, særleg i hekke- og yngletida.
  • Du kan tenne bål, men ver nøysam med veden.
  • Du kan nytte deg av tilhøva for jakt og fiske. Hugs jakt- og fiskekort.

 

Verneforskrift for Mysubytta landskapsvernområde
Forvaltningsplan for Breheimen og tilgrensande verneområde
Skjøtselsplan for Mysubytta landskapsvernområde
Kart over verneområdet

Magnus Snøtun (Publisert:21.12.2011 Sist endret:08.04.2016)