Mørkridsdalen landskapsvernområde


Mørkridsdalen landskapsvernområde er eit frodig og varierande verneområde som er sterkt påverka av tradisjonell landbruksdrift. Her er store verdiar knytt til biologisk mangfald, verna vassdrag,stølsvollar og kulturminne.

Verneområdet ligg i Luster kommune og strekker seg frå Midtfjellet og Fast i vest, Fjellsli og Nobbi nord, rundt Skurvanosi og Tussen til Bjørkanosi i aust og ned til Mørkrid og Hødnavollen i sør. Ved Hødnavollen går vernegrensa ned mot 100 moh mens fjellstølane ligg over skoggrensa. 

Området er prega av eit levande kulturlandskap med mange stølsvollar og aktivt beitebruk. Det er stor variasjon av vegetasjonstypar grunna næringsrik berggrunn og varierande lokal- og mikroklima. Det er registrert fleire raudlisteartar i verneområdet.Forskrifta for vern av Mørkridsdalen LVO vart vedteken 7. august 2009. §2 i verneforskrifta listar opp føremålet med vernet:

KVIFOR VERN

Føremålet med Mørkridsdalen landskapsvernområde er å ta vare på eit natur- og kulturlandskap med økologisk verdi, kulturell verdi og opplevingsverdi og som er identitetsskapande. Vidare er føremålet med landskapsvernområdet å:Drivanefossen i Mørkridsdalen mot Osen ved Åsetevatnet

  • ta vare på stølar med stølsvollar, kulturminne og naturbeitemarker.
  • ta vare på geologiske førekomstar og breforma landskap som U-dalar, breane sine avsetningar og andre kvartærgeologiske førekomstar.
  • ta vare på vakker og særprega vassdragsnatur, særleg knytt til Mørkridsdalselvi.
  • ta vare på edellauvskogen med særmerkte, store og/eller gamle dekorative levande og daude tre, førekomstar av gamal furuskog og rasmarker som pregar landskapet.      


Ålmenta skal ha høve til natur- og landskapsoppleving gjennom utøving av naturvenleg og enkelt friluftsliv med lita grad av teknisk tilrettelegging.

Verneforskrift for Mørkridsdalen landskapsverknområde
Forvaltningsplan for Breheimen og tilgrensande verneområde
Kart over verneområdet

Magnus Snøtun (Publisert:05.12.2011 Sist endret:08.04.2016)