Høyrokampen naturreservat

 

Høyrokampen naturreservat vart oppretta i 2009 og dekkjer eit areal på 9,9 km².

Naturreservatet grensar inntil Breheimen nasjonalpark og Høydalen landskapsvernområde i Lom kommune.

Føremålet med opprettinga av Høyro-kampen naturreservat er å ta vare på eit område med særskild verdi for biologisk mangfald i form av naturtypar, øko-system, plante-og dyreartar og naturlege økologiske prosessar. Området har særskilt verdi som naturvitskapleg og pedagogisk referanseområde.

Reservatet har stor variasjon i naturtypar, mellom anna sørvendt berg og rasmark, naturbeitemark, kalkrike område i fjellet og kalkskog. Området inneheld mange sjeldsynte og trua karplantar, lav, mosar og sopp.

 

 

Rype i BreheimenTA OMSYN

I verneområdet er du naturen sin gjest.

  • Du kan ferdast til fots og på ski. Motorferdsel er forbode.
  • Du kan stoppe og raste kor du vil, men ta med søppel heim.
  • Du kan plukke bær og matsopp. Unngå å skade vegetasjon og kultur-minne. Ta omsyn til dyr og fuglar, særleg i hekke- og yngletida.
  • Du kan tenne bål. Bruk medboren ved eller bruk trevirke frå området skånsamt.
  • Du kan nytte deg av tilhøva for jakt og fiske. Hugs jakt-og fiskekort.


Verneforskrift for Høyrokampen naturreservat
Forvaltningsplan for Breheimen og tilgrensande verneområde
Skjøtselsplan for Høyrokampen naturreservat
Kart over verneområdet

Magnus Snøtun (Publisert:21.12.2011 Sist endret:08.04.2016)