Høydalen landskapsvernområde

 

Høydalen landskapsvernområde vart oppretta i 2009 og dekkjer eit areal på 11,1 km². Landskapsvernområdet grensar inntil Breheimen nasjonalpark og Høyrokampen naturreservat i Lom kommune.

Det er aktiv setring med geiter på setra Nordre Høydalen. I tillegg er det storfe på beite i området. Det er fleire kravfulle kulturmarksartar som marinøkkel og snøsøte i området. Det syner at beitemarkane har vore nytta i lang tid.

Viktige ferdselsvegar har gått frå Høydalen over til vestlandet både i eldre og nyare tid.

 

KVIFOR VERN

Føremålet med opprettinga av Høydalen landskapsvernområde er å:

  • ta vare på verdifullt seter-miljø, vegetasjon og kulturminne som utgjer ein vesentleg del av landskapet sin eigenart.
  • ta vare på biologisk mangfald som pregar landskapet.
  • ta vare på eit stort samanhengande naturområde med rikt dyre- og planteliv som pregar landskapet.
  • Vassenden ved Høydalsvatnetta vare på geologiske førekomstar og landskapsformer.
  • ta vare på vakker og særprega vassdragsnatur.


Besøkande skal ha høve til naturoppleving gjennom utøv-ing av naturvennleg friluftsliv.


TA OMSYN

  • Du kan ferdast til fots og på ski. Motorferdsel er forbode, bortsett frå på bilvegen inn til Nordre Høydalen seter.
  • Du kan stoppe og raste kvar du vil, men ta med søppel heim.
  • Du kan plukke bær og matsopp, og vanlege planter til eigen bruk. Unngå å skade vegetasjon og kulturminne.
  • Ta omsyn til dyr og fuglar, særleg i hekke- og yngletida.
  • Du kan tenne bål, men ver nøysam med veden.
  • Du kan nytte deg av tilhøva for jakt og fiske. Hugs jakt- og fiskekort.

 

Verneforskrift for Høydalen landskapsvernområde
Forvaltningsplan for Breheimen og tilgrensande verneområde
Skjøtselsplan for Høydalen landskapsvernområde
Kart over verneområdet

Magnus Snøtun (Publisert:21.12.2011 Sist endret:08.04.2016)