Honnsrøve naturreservat

Ulvelav i Framrusti i Tundradalen, Honnsrøve naturreservat.
Ulvelav i Framrusti i Tundradalen, Honnsrøve naturreservat., Foto: Bjørn Dalen

Honnsrøve naturreservat vart oppretta i 10.06.2005 og dekkjer eit areal på 16,5 km². Naturreservatet grensar inntil Breheimen nasjonalpark i Skjåk kommune.

KVIFOR VERN?
Føremålet med opprettinga av Honnsrøve naturreservat er å ta vare på eit tilnærma urørd skogområde som økosystem med alt naturleg plante- og dyreliv.

Spesielle kvalitetar ved området er at det er stort og lite råka av inngrep. Delar av området har karakter av furuurskog og det har ein av dei største førekomstane av arten ulvelav i Europa. Naturreservatet har t.d. også store mengder daud furuved av store dimensjonar.

 TA OMSYN

I verneområdet er du naturen sin gjest.

  • Du kan ferdast til fots og på ski. Motorferdsel er forbode.
  • Du kan stoppe og raste kor du vil, men ta med søppel heim.
  • Du kan plukke bær og matsopp. Unngå å skade vegetasjon og kultur-minne. Ta omsyn til dyr og fuglar, særleg i hekke- og yngletida.
  • Du kan tenne bål. Bruk medboren ved eller skånsam bruk trevirke frå området.
  • Du kan nytte deg av tilhøva for jakt og fiske. Hugs jakt- og fiskekort.
(Publisert:08.04.2016)