Breheimen nasjonalpark

Dei indre delane av verneområdet er utan særlege tyngre tekniske inngrep som veger, kraftanlegg og større stølsvollar og er verna som nasjonalpark. Nasjonalparken er på 1691 km2.

Grovt  sett grensar Breheimen nasjonalpark mot Jostedalsbreen i nordvest, Strynefjellet i nord, Ottadalen i nordaust, Sognefjellet i søraust, Lustrafjorden i sør og Jostedalen i vest. Nasjonalparken vart offisielt vedteken av Kongen i statsråd den 07.08.2009 som ein av dei siste av dei store verneområda som var omtala i landsplanen for nasjonalparkar (St. melding nr. 62 (1991-92). Verneområdet er heimla i den då nye Naturmangfaldslova.

Breheimen nasjonalpark ligg hovudsakleg over skoggrensa og har fleire fjell over 2000 moh. Som namnet på verneområdet tyder på, er det mange brear innan verneområde. Storbukk i BreheimenDei største er Spørteggbreen og Harbarsbreen i vest, men det er mange mindre over heile verneområdet. Klimatisk er det stor variasjon mellom aust over vest i verneområdet. Mens områda i Sogn og Fjordane er delvis oseaniske, er områda i Oppland særprega kontinentale.

KVIFOR VERN

Føremålet med Breheimen nasjonalpark er å ta vare på eit stort, samanhengande og villmarksprega naturområde som inneheld særeigne, representative økosystem og landskap som er utan tyngre inngrep. Vidare er føremålet med nasjonalparken å:

  • ta vare på eit høgfjellsøkosystem med eit eigenarta og variert biologisk mangfald.
  • ta vare på leveområde til villreinstammen i Ottadalen villreinområde.
  • ta vare på vassdragsnaturen i området.
  • ta vare på ein variasjonsrikdom i geologi med særprega geologiske førekomstar, vegetasjon og landskap.
  • ta vare på grottene i området.
  • ta vare på kulturminne.


Ålmenta skal ha høve til uforstyrra oppleving av naturen gjennom utøving av naturvenleg og enkelt friluftsliv med lita grad av teknisk tilrettelegging.

Verneforskrift for Breheimen nasjonalpark
Forvaltningsplan for Breheimen og tilgrensande verneområde
Kart over verneområdet

Magnus Snøtun (Publisert:20.12.2011 Sist endret:08.04.2016)