Utmarksslått Knivabakkgjerdet

Knivabakkgjerde er ein slåtteteig ved stølen Knivabakkli kring 2 km inn i Mørkridsdalen frå parkeringa på Hødnavollen. Her er det dokumentert utmarksslått til ut på 60-talet. Slått Knivabakkli sommaren 2011Slåtteteigen er på totalt 26 daa.

I 2011 vart det løyvd midlar til å ta opp att denne slåtten. Det vart først gjennomført vegetasjonskartlegging som påviste 78 planteartar på enga. Deretter vart graset slege på om lag same tidspunkt som tidlegare. Graset vart både tørka flatt og hatt inn i eksisterande utmarksløer og drege ut i kanten for deponering.

Målsettinga er å ta vare på det biologiske mangfaldet på slåtteteigen, helst at den vert auka, med tradisjonell drift.

(Publisert:24.01.2012 Sist endret:23.04.2012)