Rising av alm

Trepleiar Steinar Vatne etablerer ny styving av alm i Mørkridsdalen
Trepleiar Steinar Vatne etablerer ny styving av alm i Mørkridsdalen, Foto: Liv Byrkjeland - SNO

 

Næringsrik berggrunn og gode lokalklimatiske forhold gjere at varmekjære treslag som lind (Tilia cordata) og alm (Ulmus glabra) trivs godt i deler av verneområde. Dette kan vere veldig små og avgrensa biotopar, men også nokre større område. Det er særleg Mørkridsdalen LVO og nærområda som har større bestandar av desse treslaga.

Særleg alm er dominerande landskapselement i dei nedre delane av verneområda grunna omfattande skjøtsel over mange år. Almetrea var veldig viktige utmarksressursar, både som for til dyr og menneske i kniper, og dessa var skjøtta og teke vare på. I Mørkridsdalen har dei husmannskontraktar som spesifikt peikar på kva tre som husmannen kan risa, for husmenn var det dei som var lengst vekke.

Ein olding i Mørkridsdalen. Tidlegare risa almNå er det minst ein generasjon sidan almane vart skjøtta, men gjennom intervju med eldre folk som har opplevde denne bruken av utmarka, kom det fram at: "ingen almar i Mørkridsdalen var lauva, berre risa". Styving er eit samleomgrep for skjering og innsamling av greiner som veks ut frå ein styvingsknute. Mens lauving er styving med bladverket på, er rising, styving utan bladverk. Her var borken ressursen. Styvingstidspunktet er veldig ulikt og kan ha påverke tilstanden til treet. Lauving må gjerast på ettersommaren mens mykje av næringa i treet ligg ute i bladverket. Yngre og livskraftige tre klarar dette, men eldre tre vil kunne bli svekka. Rising i Mørkridsdalen har skjedd på ettervinteren. Då har borken tint opp att, men mykje av næringa i treet ligg framleis i røttene. Kanskje dette er ei meir skånsam haustingsform som gjer mindre risiko for skade, særleg på eldre tre. Denne innhaustinga krev inga tørking og lagring og har hjelpt mange dyr gjennom "vårknipa".

I romjula 2011 herja stormen Dagmar i Mørkridsdalen også og la ned mange av dei store almetrea som har vore viktige biotopar for sjeldne artar og viktige landskapselement. At tre fell ned og døyr er naturlege prosessar i naturen, men ein må passe på at alt ikkje forsvinn samtidig. Nå er det minst ein generasjon sidan almar vart risa i Mørkridsdalen og forvaltninga må sette i gang nyrekruttering for at artane som har spesialisert seg på å leve på slike tre, kan finne eigna habitat også dei neste hundre åra. Døme på ein slik spesialist er almegly (Collema fragrans) som berre er registrert i Mørkridsdalen her i landet.

Vinteren 2012 vart det gjennomført eit kurs om restaurering av haustingsskog. Utgangspunktet er å lære av dei siste som kan dei lokale tradisjonane og i størst mogleg grad kopiere dette gjennom forvaltningstiltak. I Mørkridsdalen er det estimert over 2000 risa almar. Alle bør ikkje skjøttast, men nokre tre bør restaurerast og nokre nye styvingar bør etablerast for å sikre eit viktig habitat og formidle kulturhistorie.

Basert på kurset vinteren 2012, har forvaltninga plukka ut nokre almetre som skal restaurerast og nokre nye almestyvingar som skal etablerast i 2012. Erfaringar frå dette arbeidet og anna dokumentasjon, er viktig bakgrunnsinformasjon mot ein meir omfattande skjøtselsplan.

Magnus Snøtun (Publisert:27.04.2012)