Buføringsvegen i Mørkridsdalen - vedlikehald og opprusting

Ny bru etter at flaum øydela den gamle mellom Dulsete og Vetlefosso
Ny bru etter at flaum øydela den gamle mellom Dulsete og Vetlefosso, Foto: Magnus Snøtun

 

Buføringsvegen i Mørkridsdalen går frå Hødnavollen og inn Mørkridsdalen til Dalen. Her kjem ein til både vårstølar og fjellstølar for både dyr og folk. Vegen passerar blant anna Dulsete og Liane, og du kan ta avstikkerar til Knivabakkli, Råsane, Fjellsli og Fossen. Buføringsvegen er nervestrengen i Mørkridsdalen.

Vedlikehald av vegen er viktig for å få både beitedyr og friluftsfolk inn i området. Vegen er bygd som ein kløvjaveg med oppmura vegbane på om lag ein meter. Det er fleire bruer og utfordrande parti langs buføringsvegen som krev vedlikehald. Endring av bekkeløp, flaumar, stormar og skred/jervar har fleire gonger rive ned eller blokkert delar av vegen.

Vanleg vedlikehald og opprydding etter ein vinter utfører grunneigarane sjølve i fellesskap, men fleire større tiltak har dei siste åra blitt finansiert av nasjonalparkstyret. Under er ei opplisting av tiltak som er utført eller under utføring:

År Tiltak Kvar Utførande
2012 Oppretting veg etter utrasing. Ved Svinatjønni Skjolden Bygdeservice
2012 Oppreinsking kanal og utlegging av bruseksjonar. Dulsete Skjolden Bygdeservice
2012 Betre kontrollen med vatn. Nye og oppreinsiking av stikkrenner. Mellom Svinatjønni og Råsamyri Skjolden Bygdeservice
2011 Utbetring av vegen og muring mot elv med maskin. Mellom Hødnavollen og Grasøy Finn Drageset
2011 Bru øydelagt i flaum, sette opp ny. Mellom Dulsete og Vetlefosso Skjolden Bygdeservice
2010 Omlegging av veg grunna flaum Mellom Djupatjønni og Svinatjønni Skjolden Bygdeservice

 

Magnus Snøtun (Publisert:18.06.2012 Sist endret:04.12.2012)