Oppstarta tiltak

Ljåsliping ved utmarksslått Knivabakkgjerdet
Ljåsliping ved utmarksslått Knivabakkgjerdet, Foto: Liv Byrkjeland - SNO


 

Det er kvart år ei rekke tiltak som vert gjennomført i eller i tilknyting til verneområda. Under er ei liste over prosjekt som er i gong eller som krev regelmessig vidareføring.

Tiltaka vert vurdert og prioritert av Breheimen nasjonalparkstyre. Det kan vere vedlikehald og opprusting av infrastruktur, informasjonstiltak eller årleg skjøtsel. Finansiering av tiltak kan vere spleiselag mellom myndigheiter, organisasjonar og/eller private. Nasjonalparkstyret søkjer blant anna kvart år om midlar til tiltaksprosjekt sentralt saman med SNO.

 

Prosjekt  Verneområde Oppstart Planlagt avslutning
Utmarksslått Knivabakkgjerdet Mørkridsdalen LVO 2011 -
Utmarksslått Dulsete Mørkridsdalen LVO 2012 -
Styrt haustbeiting Knivabakkgjerdet Mørkridsdalen LVO 2007 -
Rising av alm Mørkridsdalen LVO 2012 -
Vedlikehald buføringsvegen i Mørkridsdalen Mørkridsdalen LVO 2009 -
Styrt haustbeiting Dulsete Mørkridsdalen LVO  2015 -
Informasjonsplakatar Vigdalen LVO 2014 -
Informasjonsplakatar Mørkridsdalen LVO 2014 -
Barnas naturoppsyn Breheimen NP 2014 -
Tilrettelegging i Dummdalen Breheimen NP 2013 -

 

(Publisert:21.12.2011 Sist endret:01.09.2015)