Gjennomførte tiltak

Opprusting av buføringsveg i Mørkridsdalen
Opprusting av buføringsveg i Mørkridsdalen, Foto: Liv Byrkjeland - SNO


 

Sidan opprettinga av verneområda i Breheimen ettersommaren 2009, har det blitt gjennomført og iverksett ei rekke tiltak og prosjekt i desse områda.

Under er ei opplisting av større tiltak og prosjekt i verneområdet kor verneområdeforvaltninga har vore med og finansiert eller styrt prosjekta. I tillegg kjem fleire mindre tiltak eller tiltak som er gjennomført av private eller frivillige organisasjonar.

 

Prosjekt / tiltak Verneområde  Skildring Oppstart Avslutning
Utbetring av stien på vestsida i Mørkridsdalen. Mørkridsdalen LVO Ferdigstilling av innsteget på kvar side av Liabrua og utbetring av stien mellom Liabrua og Knivabakkli. 2015 2015
Båtdrag ved Raudalsvatnet Breheimen NP Betre båttilkomsten i reguleringssona på Raudalsvatnet 2015 2015
Reparasjon av vegetasjon i Dummdalen Breheimen NP Reparasjon av vegetasjon på villstiar for å regulere ferdsla. 2015 2015
Restaurering av sti frå Vårstølen - Forlesvåi Vigdalen LVO Hindre attgroing av stien og for å lette framkomsten for kyr til beite framom Forlesvåi  2014 2014
Fjerning av framand art ved Vigdalstølen Vigdalen LVO Hindre spreiing av framand art 2014  
Fjerning av introdusert framand art - Vrifuru Tundradalen Breheimen NP Hindre spreiing av framand art i nasjonalparkar 2014  
Ny bru over Sota Breheimen NP Bru ved Sota sæter 2014 2014
Inngjerding av parkeringsplass i Høydalen Høydalen LVO Hindre geiter/kyr i å øydelegge bilar. 2014 2014
Inngjerding av parkeringsplass i Tundradalen Breheimen NP Inngjerding med sperregjerde for husfe. Hindre geiter/kyr i å øydelegge bilar. 2014 2014
Liabrua Mørkridsdalen LVO Oppattbygging av brua ved Liane 2014 2015
Restaurering av Spørteggbu Breheimen NR Dagsturhytte/Naudbu 2013  2013
Bygging av ny bru over Vigdøla Vigdalen LVO Ny fjellstølsbru mellom Vidalsstølen og Breisete 2013 2013
Opprusting av gamle ferdavegen frå Kilali til Storhaug Vigdalen LVO Del av ferdavegen(kløvvegen) mellom Jostedalen opg Vigdalen 2012  2013
Ny bru over Nobbeelvi Mørkridsdalen LVO Ny bru og utbetring av stig 2013 2013
Smithbu råket nedre del   Mura trinn i stein i svært bratt liside 2013 2013
Ny farved på bru over Høya i Storlia Høydalen LVO Skifta farved og gelender på den gamle anleggsbrua. 2013 2013
Klopplegging og etablering av bålplass i Dummdalen Breheimen NP Klopplegging av beresvake parti. Oppsett av bålpanne og benkar ved stigen ned til Dumstulen. 2013 2013
Vøling av hengebrua på Heillstuguvassosen Breheimen NR Stramma opp og betra tilgjenge til brua. 2013 2013
Parkeringplass i Nordre Høydalen opparbeidt Høydalen LVO Opparbeidt ny parkeringsplass ved setrene. 2013 2013
Vøling av seterbrua i Tundradalen Breheimen NP Gamlebrua byrja å gje etter. Mykje av tømmeret måtte skiftast. Utleggbrua er restaurert og framstår som den tidlegare brua. 2013 2013
Vedlikehald/opprusting av sti, ny bru Mørkridsdalen LVO  Vedlikehald og utbetring av buføringsvegen frå Dalen til Fossen, bygging av ny bru over Nobbelvi. 2013 2013
Vedlikehald og rydding av kløvveg Mørkridsdalen LVO Tilbakeføring av den gamle kløvvegen gjennom Fossaskårane opp på Bølifossen. 2013 2013
Utbetring av flaumskade Breheimen NP Muring av nystig inn på bru over Sandåe Rauddalen 2012 2012
Stigmerking Breheimen NP Merkingb av stigar ved innfallsportar 2012 2013
Utskifting av tralle med bru Breheimen NP Utskifting av tralle med hengjebru over Tundra elv i Grønstorr 2012 2012
Ny bru Mørkridsdalen LVO Erstatning av bru over Vetlefosso som vart skada av flaum. 2011 2011
Vedlikehald/opprusting av sti Mørkridsdalen LVO Oppmuring og opprusting av buforvegen frå Hødnavollen til Grasøy 2011 2011
Omlegging av sti Mørkridsdalen LVO Omlegging av buføringsvegen mellom Vetletjønni og Svinatjønni 2010 2010
Opparbeiding av p-plassar Fleire Det er opparbeida og utbetra fleire p-plassar ved viktige innfallsportar til verneområda (Vigdalstølen, Jervane i Mørkridsdalen, ..) 2009 2012
Informasjonsskilt ved innfallsportar Alle Det er sett opp informasjonstavler ved dei fleste sentrale innfallsportar til verneområda. 2009 2012

 

(Publisert:21.12.2011 Sist endret:01.09.2015)