Verneprosess med KU

Hamarsdalen mot DalsdalenGjennom handsaming av St. meld. nr. 62 (1991-92); Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge (Nasjonalparkmeldinga), slutta Stortinget seg til at det skal utarbeidast framlegg til verneplan for området Breheimen-Mørkridsdalen. Verneframlegget vart omfatta av krav til konsekvensutgreiingar etter § 33 i plan- og bygningslova.

Prosessen starta med utsending av oppstartmelding frå Fylkesmannen i Oppland og Sogn og Fjordane. Her er målet med konsekvensutgreiinga formulert som:

"å få fram viktige konsekvensar av eit vern på miljø, naturressursar og samfunn. Utgreiinga skal sikre at verknadene av eit vern blir vurdert under planlegginga og når avgjerd blir teke i saka. Den skal også sjå til at interessene til lokalbefolkninga og ressursane i området kjem godt fram. Verneverdiane knytt til landskap, urørt natur, kulturminne, vassdrag og plante- og dyreliv vil bli dokumenterte. Ein vil kartleggje ulike inngrep og brukarinteresser i området, og vurdere korleis desse kan påverke verneverdiane, og korleis vernet kan påverke brukarinteressene. Det vil truleg vere aktuelt å vurdere konsekvensane av 3 alternativ: nasjonalpark/landskapsvernområde/ikkje vern. Dette vil munne ut i eitt eller fleire verneframlegg med ulike verneformer (nasjonalpark /landskapsvern/naturreservat), grenser og forskrifter."

Arbeidet med konsekvensutgreiinga resulterte i fleire fagrapportar som er lista opp under. 

 

(Publisert:21.12.2011 Sist endret:23.04.2012)