Forvaltingsplan for verneområda i Breheimen

Tverrådalskyrkja 2088 moh., sett frå Tverrådalen. Tverrådalskyrkja er grensefjell mellom Luster og Skjåk kommunar, og er kanskje det mest kjende fjellet i Breheimen. Foto: Øyvind Angard.
Tverrådalskyrkja 2088 moh., sett frå Tverrådalen. Tverrådalskyrkja er grensefjell mellom Luster og Skjåk kommunar, og er kanskje det mest kjende fjellet i Breheimen. Foto: Øyvind Angard.

Verneforskriftene er omfattande og gjev samstundes eit visst rom for skjønn. I den praktiske og daglege forvaltinga er det difor behov for ein forvaltingsplan som utdjupar og konkretiserer verneforskriftene. Nasjonalparkstyret er ansvarleg for utarbeiding av forvaltingsplanen.

Føremålet med forvaltingsplanen er å gjere forvaltinga av verneområda meir framsynt for rettshavarar og brukarar av verneområda. Samstundes er òg mål for å ta vare på natur- og kulturkvalitetane i områda, og tiltak knytt til innfallsportar og informasjon ein viktig del av planen. Ein forvaltingsplan er difor òg eit viktig verkty for forvaltingsmyndigheita. Planen er eit praktisk hjelpemiddel som skal sikre ei heilskapleg forvalting av verneområda.

Forvaltingsplanen inneheld naturfaglege skildringar av verneområda i Breheimen, status for ulike brukarinteresser og drøfting av problemstillingar knytt til forvalting av verneområda. Det er utdjupa konkrete retningsliner for forvalting og bruk, knytt til dei einskilde reglane i verneforskriftene. Ulike forvaltingsoppgåver og tiltak som informasjon, skjøtsel og tilrettelegging er omtala. Forvaltingsplanen er såleis eit viktig verkty for å oppretthalde og fremje naturverdiane i verneområda.

Forvaltingsplanen kan ikkje innehalde retningsliner eller tiltak som er i strid med verneforskriftene. 

Miljødirektoratet godkjende planen i 2016, og nasjonalparkstyret vedtok planen i mars 2017.

Nedanfor finn du fyrst to lenker til hovuddokumentet og vedlegga samla i to dokument. Vidare er det lenka til kvart einskild kapittel og vedlegg i planen (mindre fil-storleik).

(Publisert:21.12.2011 Sist endret:07.09.2018)