Villreinteljing i Breheimen 2014

Frå teljing av villrein i Breheimen.
Frå teljing av villrein i Breheimen., Foto: SNO-Øyvind Angard

Villreinutvalet og Statens naturoppsyn har no gjennomført den årlege minimumsteljinga av villrein i Ottadalsområdet. I Breheimen vart det funne totalt 830 dyr.

Det er eit viktig mål med Breheimen nasjonalpark å ta vare på leveområda til villreinstammen i Ottadalen villreinområde. I Breheimen vart det funne totalt 830 dyr fordelt på 10 flokkar, den største flokken var på 382 dyr medan den minste på 4 dyr. Teljinga vart gjennomført den 27.03.14.

Teljinga vert m.a. gjennomført for at villreinnemnda skal ha eit godt grunnlag for å fastsetje fellingskvoten for villrein kommande haust.

(Publisert:15.04.2014 Sist endret:25.09.2014)