Glimt frå møte med Lom tamreinlag i Breheimen

Tamrein samla sør om Hestbrepiggane og Lomseggen.
Tamrein samla sør om Hestbrepiggane og Lomseggen., Foto: Øyvind Angard

 

I Breheimen har vi både villrein og tamrein, naturlegvis godt atskilt frå kvarandre. Lom tamreinlag nyttar området som ligg i Lom kommune om vårvinteren.

Og i desse dagar beitar dei seg austover på sørsida av Hestbrepiggane og Lomseggen. Flokken vert styrt av gjetarar tilsett i tamreinlaget, som ser til at reinen beitar optimalt innafor det området dei har til rådigheit. Flokken er for det meste samla, og på slike dagar som dette er det fint å vere både folk og rein. Det er om lag 2400 dyr i flokken på denne tida av året.

 

Øyvind Angard
naturoppsyn i Breheimen

(Publisert:21.02.2013 Sist endret:25.09.2014)