Villreinutvalet og Statens naturoppsyn har telt villrein i Ottadalsområdet

Frå teljing av villrein i Breheimen.
Frå teljing av villrein i Breheimen., Foto: SNO-Øyvind Angard

 


 

Villreinutvalet og Statens naturoppsyn har no gjennomført den årlege minimumsteljinga av villrein i Ottadalsområdet. I Breheimen vart det funne totalt 895 dyr.

Det er eit viktig mål med Breheimen nasjonalpark å ta vare på leveområda til villreinstammen i Ottadalen villreinområde. I Breheimen vart det funne totalt 895 dyr under teljinga den 17.01.13. 

Teljinga vert m.a. gjennomført for at villreinnemnda skal ha eit godt grunnlag for å fastsetje fellingskvoten for villrein neste haust.

Du kan lese meir om årets teljing av villrein i rapporten frå Statens naturoppsyn her

(Publisert:17.01.2013 Sist endret:25.09.2014)