Villreinjakta i Breheimen 2013

Kløvjing i Breheimen.
Kløvjing i Breheimen., Foto: Bjørn Dalen

Villreinjakta 2013 gjekk føre seg i perioden 20.august til og med 9.september.
Fellingskvota var på 350 dyr. Av desse vart det felt 273 dyr eller 78% av fellingskvoten.

 

I søraust gjekk mykje av bukkejakta føre seg i Lomseggen området som vanleg er. Det meste av reinen gjekk i byrjinga  av jakta på Tverrfjellet, men trekte etterkvart vestover, på søraustleg vind, og inn Tundradalen. Seinare inn på Sotflya og nordover og ned i skogen ved Liavatnet. I slutten av jakt trekte den vidare nordover til Buanosi.
Stammen i sørvest gjekk i Mårådalen og trekte innover Mårådalsbenkane og over til Rauddalen der det meste av jakt gjekk føre seg.

(Publisert:12.12.2013 Sist endret:25.09.2014)